top of page


                                   Mobil: +4747606240 - Epost: bjhusekl@online.no


- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -


Oppdatert: 08.02.2022


   

Velkommen til vakre og fiskerike Guddal!



Mobil: +47 47606240


E-post:bjhusekl@online.no

Slik finn du fram til Huseklepp!

Det er fleire vegar til Guddalen og Huseklepp. 


Reisetid:


Bergen - Guddal ca. 3,5 t.

Førde - Guddal ca. 50 min.

Førde Bringeland (flyplass) - Guddal ca. 40 min.  

Reiserute frå Førde Bringeland/Førde:


1. Frå Førde køyre du mot Bergen. Før Sande ser du dette skiltet.

    Ta av til høgre her og passer Døskeland Gard.

2. Ved Døskeland Gard møter møter du ein ny asfaltert

    veg. Ta til høgre og køyr ca. 800 m.

    Da ser du dette sliltet:

3. Her tek du av til venstre og kjøyrer oppover

    langs elva.


4. Etter ca. 2 km kjem du til eit kryss på flata -

    Skiltet viser Guddal - grusveg - ta av til

    venstre.


5. Etter ca. 9 km fra dette krysset kjem du til krysset på

    Guddal/Steinset - ta av ned til venstre.


6. Etter ca. 11 km kjem du til krysset på

    Heggheim. Her går det veg til Vadheim og Nautsund.

    Ta til høgre over brua mot Nautsund og køyr framover

    dalen.


7. Etter ca. 8 km frå Heggheim er du i krysset ved

    Guddal skule. Da ser du dette bildet:

    Huseklepp Fiskeskule 1,5

8. Ta til høgre og køyr 1,5 km på Nordsidevegen. Då er du framme på tunet på Huseklepp som vist på biletet under.

Adresse: Nordsidevegen 800.

Reiserute frå Bergen, Lavik eller Leirvik i Sogn


Køyr mot Dale.


Ved Nautsund skal du ikkje ta første veg til høgre, men passere den overbygde Nautsund-brua. Ca. 800 m etter Nautsund ser du skiltet Bjordal på venstre side og skilt  for Nordsidevegen.

Her svinger du til høgre og køyrer Nordsidevegen i 8 km eller 10 min. Då er du framme på Huseklepp.

Adresse: Nordsidevegen 800.

Frå Dale/Flekke

Køyr mot Rysjedalsvika. Når du har køyrt gjennom Harefosstunellen,

er det vel 500 m til du ser skiltet Bjordal på

høgre side. 

Sving til venstre og køyr Nordsidevegen

i 8 km eller 10 min.

Etter 8 km ser du tunet på Huseklepp som

vist på biletet til under.

Adresse: Nordsidevegen 800

Reiserute via Vadheim!


Ca. 1 km frå Vadheim mot Lavik finn du skiltet - Guddal.

Køyr over fjellet. 

Når du er nede i Guddalen ved krysset på Heggheim, tek du til venstre over brua mot Nautsund og køyrer ca. 8 km og kjem til krysset ved Guddal skule. 

Her ser du skiltet - Boge 2 og Huseklepp Fiskeskule.

Køyr nøyaktig 1,5 km mot Boge og du ser tunet på Ytre Huseklepp som vist under. Adresse: Nordsidevegen 800.

Under:

Butikk-, produksjons- og informasjons-lokala ligg i 1. etasje biletet.

Under:

På veggen til høgre heng monterte stenger ferdige til opplæring, sal og utleige.

Eigen kastedam for opplæring, tilpassing- og prøving av fiskeutstyr.

bottom of page