

Vaula ørret- og laksefluger.
Vaula ørret- og laksefluger.
Kva er ei Vaula-fluge ?
Kva er ei Vaula-fluge ?

Ei Vaula-fluge er utvikla og handlaga av Bjarne Huseklepp.
Ei Vaula-fluge er utvikla og handlaga av Bjarne Huseklepp.
Kvalitet:
Eg bind alle Vaula-flugene sjølv.
Eg har over 40-års erfaring som flugebindar. Gjennom alle desse åra har er lært meg bindeteknikkar som garanterer dei alle høgste krav til kvalitet.
For å gjere kvaliteten endå betre, limer eg no fleire av delene i kvar fluge med lynlim.
I tillegg bruker eg kevlar-bindetråd, det held.
Målet mitt er at Vaula-flugene skal vere dei mest haldbare flugene på markedet.
Fiskeevne:
Vaula-flugene er resultat av mange års fisking og kontinuerleg vidareutvikling.
Målet er at Vaula-flugene skal skal ha den beste fiskeevna som kan oppnåast.
Fiskeevne:
Vaula-flugene er resultat av mange års fisking og kontinuerleg vidareutvikling.
Målet er at Vaula-flugene skal skal ha den beste fiskeevna som kan oppnåast.

Vaula-laksefluger
Vaula-laksefluger
Frå kr.120,00

Vaula-ørretfluger
Vaula-ørretfluger
Kr. 80,-
Utviklinga av Vaula-flugene starta rundt 1970.
Vaula-namnet kjem frå Vaulen i Guddal i Sunnfjord.
Der utvikla eg Vaula-fluga som "lever" i vatn.
Ho har fellestrekk med naturlege insekt.
At denne fluga "lever", får du sjå om du besøker
meg i butikken min i Guddalen.
I 1984 skreiv eg heftet: "Dyriske fluger i bruk".
Dette heftet omhandler det mest vesentlege ein flugefiskar bør vite om insekt, ørret-fluger, kvar fisken står og korleis du bruker flugene.

Heftet kan bestillast
nedanfor og koster
kr. 60,-
Vaula-flugene er utprøvde over lang tid og med stor suksess.
Eg starta som profesjonell flugebindar i 1978 og i perioden 1982-87 leverte eg Vaula-fluger til 42 butikkar over heile landet.
Då eg i 1987 fekk førespurnad om å levere 60.000 Vaula-fluger, misste eg lysta på storstila flugebinding.
Eg heldt på å verte ei bindemaskin. Av den grunn slutta eg å levere til butikkar.
I fleire år selde eg ikkje fluger i det heile, men brukte tida på utvikling og testing av ny fluger.
No er det kjekt å binde fluger att.
No bing eg mine eigne mønster, men i begrensa antal.
Eg har også skrive eit heftet:
Mine beste lakse- og sjøørretfluger.
Mine beste lakse- og sjøørretfluger.
Her finn du 30 mønster av mine eigne og beste lakse- og sjøørretfluger.
Alle flugene har Vaula som førenamn og så eit etternamn frå kulpen, elva eller der flugar har fiska best.
Vaula-Rock er oppkalla etter ein kjend fiskeplass i Gloppenelva t.d.

Heftet kan bestillast nedanfor og koster kr. 80,-
Normalt bind eg ikkje fluger i perioden mai - september.
For å vere heilt sikker på at du skal få rett fluge i rett krok, type,størrelse og lengde til neste sesong, har eg sett 1. januar som bestillingsdato. Det betyr 6 mnd. leveringstid. Men ta kontakt, det meste kan late seg ordne.
Fyll ut skjema nedanfor og send bestillinga i feltet: Kommentarer.