top of page


Mobil: +4747606240 - Epost: 

bjhusekl@online.no

- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -


Oppdatert 22.01.2022

Treng du guide i Flekke-/Guddals-vassdraget ?

Alle som fisker laks, veit at det tek tid til å lære ei ny elv å kjenne.


Kvar fisken står, og kva den normalt bit på, er heilt avgjerande opplysningar for å lukkast i ei ny elv.


Som døme kan nemnast 1. juni 2009. Bror min og eg hadde gleda av å vere guidar då den verdskjende sopranen, Dame Kiri Te Kanawa, vitja Åmot Gard i Gaular.


Kl. 08.10 sette ho ny persoleg rekord under Harefossen i Flekke-/Guddalsvassdraget.

Den nygådde villaksen var 92 cm og vog 8 kg.


Om ikkje det var nok, tok ho laksen på Bergheim-sluken som er utvikla i same vassdraget. Sluken ho brukte, var i kopar, 34 gr. levert med norsk kvalietskrok frå Mustad og splittringar frå Søvik.


På rett plass, med rett utstyr og til rett tid ! Dette gav resultat som så mange gonger før under laksefiske.


Det er ei stor glede når nye fiskarar i elva opplever å få laksen på kroken nøyaktig der eg anbefalte.


Slike stunder ser eg på som ein god dag på jobb.

Guide eller

ikkje guide-

det er du

som

bestemmer !!


Dame Kiri Te Kanawa med

ny personleg

rekord

på laks

i Harefossen.

Ynskjer du å kjøpe eller leige fiskeutstyr ?

Eg har kvalitets vadesko, bukser, fiskejakker, stenger og sneller med taum eller line for sal og utleige.


Bergheimslukar og Vaula lakse- og ørretfluger får

du kjøpe hos meg. 

For spørsmål eller avtale om guiding, kjøp- og leige av utstyr:

Ring meg på Mob. 47606240

bottom of page