top of page

Oppdatert: 03.07.2014

Vaula-ørretfluger

Nærmare det naturlege

er det vanskeleg å komme.

Vaula-flugene har naturen som modell

-av den grunn er dei effektive !

Først litt generell insektslære !

På fine sommardager har du sikkert sett insekt som svermer over vassflata som til venstre på skissa. Dette er paringsleiken til insekt og ender med at hoa legg egg i vatnet. Egga fell ned i vatnet og legg seg på botnen.


Her utvikler egget seg til ei larve som lever av organisk materiale som ligg der.


Neste vår utvikler larva seg til ei nymfe som stig mot vassflata. På ein varm sommardag bryt nymfa gjennom vassssflata og vert eit flygande insekt som på skissa oppe til høgre. Historia frå året før gjentek seg.

Dette er modellen for Vaula-flugene:

Eg starta førsøk og testa ut mange typer bindematerialer og farger i flugene. Målet var å lage ein flugeserie som hadde mange fellestrekk med fleire insekt i vassdraga våre.


Ørreten kan beite heile døgnet på insekt i ulike utviklingsstadium og på ulike djupner i vatnet.

Fargen på flugene skal virke naturleg og likne på det ørreten et:

Av den grunn opna eg magesekken på hundrevis av ørret og såg at mageinnhaldet for det meste hadde fargane:


- Grått

- Svart

- Brunt


Etter mykje prøving og feiling fann eg til slutt fram til eit kroppsmateriale som "lever i vatn".


Namnet Vaula kjem av favoritt-fiske-strekningen min i Guddalen som heiter Vaulen. Her har eg brukt utallige timar til testing og fiske med Vaula-flugene.

Ørretfuger deler vi i 3 hovudgrupper:

- Nymfe

- Våtfluge

- Tørrfluge

Det er viktig å velge rett fluge - dette auker sjansen for at ørreten tek fluga du serverer.

Mine beste råd i val av flugetype:

Server fluga så nær ørreten som råd er

- Sjå korleis ørreten vaker

- Vaket viser kvar ørreten finn mat.

Over:

Bruk Vaula-Nymfa når du veit at ørreten er der, men ikkje ser at han vaker. Då beiter ørreten djupare i vatnet. Dette skjer ofte på dager med låg temperatur.

Over:

Bruk Vaula-Våtfluge når du ser ørreten vaker og går som ei nise i sjøen. Dette vaket vert også kalla Nise-vak.

Over:

Bruk Vaula-Tørrfluge når du ser små ringar på vatnet (Slurpevak) eller når ørreten hopper opp av vatnet. Dette skjer ofte på varme og fine sommardager.

Vaula-flugene er kvalitets-fluger !

- Alle Vaula-flugene er handbundne av meg sjølv !


- Alle flugene er bundne med kevlar

bindetråd !


- Alle delene i flugene som kan limast, er limte med lynlim !

Eg kaller ofte ørret-flugene mine "dyriske" .

Grunnen er at nymfa og våtfluga har eit kroppsmateriale som "lever" i vatn når det er gjennomvått.


Dei 2 bileta under viser Vaula-våtfluge i tørr tilstand. Du får kjøpt flugene i enkelkrok i str. 10 -14.

Pris pr. fluge kr. 75,-

Vaula-Våtfluge

Bruk denne fluga når du ser fisken vake tydeleg. Når fisken beiter oppe og vaker som ei nise går i sjøen, er førstevalet mitt Vaula-Våtfluge, ei fluge som fisker oppe. Når eg fisker med våtfluga, bruker eg flyte-taum.

Vaula-Nymfa

Bruk Vaula-Nymfa når fisken vaker lite. Lite vak betyr at fisken beiter djupare i vatnet. I slike tilfelle er nymfa det rette valet. Ofte skjer dette på litt kjølege dagar. Nymfa er bunda med messinghovud. Dette gjere at ho sekk raskare ned til fisken. Står fisken ekstra djupt, bruker eg synkande fortaum i tillegg.

Biletet under viser Vaula-Nymfa i våt tilstand.

bottom of page