top of page

   

Bestilling av Bjarne Sin Røykelaks                      

Mobil: +4747606240 - Epost: bjhusekl@online.no


Nordsidevegen 800


6966 Guddal


- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -



Sist oppdatert 11.03.2023

 

Smaken av kvalitet !


Slik bestiller du

Bjarne sin Røykelaks



1. Ring meg på 47606240


2. Send melding på messenger på min Fb-profil

    med opplysningar om:



Namn:

Leveringsadresse:

Ditt mobilnummer:

Antall kg:







Produksjonen min vert dokumentert og er godkjend av Mattilsynet.


Den milde smaken og gode konsistensen bygger på 100-årige, lokale røyketradisjonar.


Fint salt, litt sukker og røyk av tørka or og einer gjev alltid ei god smaksoppleving.


Laksen vert røykt i den over 350 år gamle jordkjellaren på Ytre Huseklepp.


Produksjonsprosessen tek ei veke frå frosen laks til ferdigpakka røykelaks. 


Røykelaksen har ein møyr og fin konsistens med rund og velbalansert ettersmak.


Minste bestilling er 1 side - ca. 2 kg.


Gjeldande prisar:

Minste bestilling er 1 side ca. 2,0 kg.


Laksen eg kjøper inn har har stige mykje i pris den siste tida.


Kr. 539,- pr. kg. for beinfri, vakumpakka røyke- og spekelaks av Superior oppdrettslaks.


Kr. 692,- pr. kg. for garantert stongfiska villaks,

beinfri og vakumpakka.

(Først til mølla)


Kr. 100,- for 5 vakumpakka og serveringsklare lambetunger




Pris for å røyke laks for andre:

Kr. 500,- pr. stk. heil sløygd laks.


Kr. 850,- pr. stk. rund fersk/frosen laks


Kr. 100,- pr. side ferdig salta av kunde


Kr. 15,- pr. vakumpakning

Fryselagring av laks for kunde:

Kr. 75,- pr. laks fryselagra over 2 mnd.

Levering:

Spesialkniv til oppskjering av røykelaks:

Eg har inngått avtale med Helle Knivfabrikk A/S om levering av kniven, Helle Steinbit, med heilt spesielt sliping av eggen.


Dette gjer kniven skarp og godt eigna i samband med oppskjering av røykelaksen.


Eg kan og nemne at dette er kniven eg tek med meg på tur. 

Den kniven dekkjer mine behov ved oppskjering av brød, pølser og sløying av fisk.

Kr. 999 ,-


Kniven vert levert med praktisk og stilrein slire.



Skulle du trenge meir informasjon, ring meg på:


Mob. 47606240.

bottom of page