Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Guide-tenester
Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheimsluken - Vaula lakse- og ørretfluer-Bjarne sin Røykelaks
Mobil: +4747606240 - Epost: [email protected]
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -

Oppdatert 01.03.2016 
 
 
 
 
Treng du guide i Flekke-/Guddals-vassdraget ?
 
 
Alle som fisker laks, veit at det tek tid til å lære ei ny elv å kjenne. 

Kvar fisken står, og kva den normalt bit på, er heilt avgjerande opplysningar for å lukkast i ei ny elv.
 
Som døme kan nemnast 1. juni 2009. Bror min og eg hadde gleda av å vere guidar då den verdskjende sopranen, Dame Kiri Te Kanawa, vitja Åmot Gard i Gaular. 
 
Kl. 08.10 sette ho ny persoleg rekord under Harefossen i Flekke-/Guddalsvassdraget.
Den nygådde villaksen var 92 cm og vog 8 kg.
 
Om ikkje det var nok, tok ho laksen på Bergheim-sluken som er utvikla i same vassdraget. Sluken ho brukte, var i kopar, 34 gr. levert med norsk kvalietskrok frå Mustad og splittringar frå Søvik.
 
På rett plass, med rett utstyr og til rett tid ! Dette gav resultat som så mange gonger før under laksefiske.
 
Det er ei stor glede når nye fiskarar i elva opplever å få laksen på kroken nøyaktig der eg anbefalte.

Slike stunder ser eg på som ein god dag på jobb.
 
 
 
Guide eller
ikkje guide-
det er du
som
bestemmer !!
 
 
 
Dame Kiri Te Kanawa med
ny personleg
rekord
laks
i Harefossen.
 
 
 
 
 
Ynskjer du å kjøpe eller leige fiskeutstyr ?
 
Eg har kvalitets vadesko, bukser, fiskejakker, stenger og sneller med taum eller line for sal og utleige.

Bergheimslukar og Vaula lakse- og ørretfluger får 
du kjøpe hos meg. 
 
For spørsmål eller avtale om guiding, kjøp- og leige av utstyr:
 
 
 
Ring meg på Mob. 47606240