Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bj. Huseklepp Fiskeskule
Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheimsluken - Vaula lakse- og ørretfluer-Bjarne sin Røykelaks
 Mobil: +4747606240 - Epost: [email protected]
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -
Nordsidevegen 800
6966 Guddal

Oppdatert 10.07.2017

 
Short english version: Here

Kaste-anlegget og opplæringsutstyr : Her
 
Fiskeplassane - her bit ørreten: Her
 
Kurs i flugekasting: Her
 
Kurs i betre kaste-teknikk: Her
 
Kurs i flugebinding: Her
 
Kurs i praktisk flugefiske: Her
 
Kurs i markfiske: Her
 
Pakke-tilbod: Her

Prisar: Her 
 
 
 
 
LÆR FLUGE-KASTING PÅ  2 t.
NÅR DET PASSER DEG !
 
 
Eg leverer korte- og effektive kastekurs.
 
Det er fullt mogeleg å ringe meg om morgonen,
er eg ledig, tek eg kurs same ettermiddag/kveld.
 
 
Eg driv opplærng i fleire ulike kastemetodar.
 
Mitt mål er å spreie fiskeglede og vise at flugefiske er mykje enklare enn mange trur. 
 
Ta kontakt og eg hjelper deg !
 
 
Bjarne Huseklepp
 
Mob. +4747606240
 
 
 
 
 
 
1. KOM SOM DU ER. EG HAR KVALTETSUTSTYR
   SOM DU FÅR LÅNE !
 
2. EG HAR EIGEN KASTEDAM I GUDDALEN ! 
 
3. ETTER  CA. 2 TIMAR ER DU KLAR TIL
    Å PRØVE DEG SOM AKTIV FLUGEFISKAR! 
 
 
Fiskelukke er kunnskap ! 
 
Det er mange som opplever begynnarflaks, særleg på laksefiske. Men over tid er det ferdigheiter og kunnskap som gjev deg fiskelukke.
 
Eg har som mål å gjere flugefisket enklare.
 
All opplæring handler om å forenkle lærestoffet slik at det  vert opplevd og oppfatta som forståleg og utviklande.
I all læring er det viktig å oppleve meistring.
 
Min påstand er at alle som vil, kan lære å kaste med fluge.
 
Det som må til, er ei god opplæring i grunnprinsippa med rett utstyr, d.v.s. med stong og taum som passer saman.
 
Etter god grunnopplæring er det opp til deg sjølv,
kor dyktig du vil verte. 
 
Eg har kvalitetsutstyr for opplæring i både ørret- og laksefiske.
 
Til dagleg jobber eg som rektor og har spesial-utdanning innan både  idrett og biologi.  
 
Eg er ein erfaren og effektiv instruktør. Til no har eg over 50 år bak meg som aktiv sportsfiskar i inn- og utland.
Eg har snart 30 år bak meg som lærar. Denne kunnskapen bruker eg no som instruktør i Huseklepp Fiskeskule.
 
Opplæring og formidling er mitt fag.
 
Etter fleire år på det norske maratonlandslaget og med 2 gjeldande norske rekordar, veit eg godt kva rett teknikk og veltilpassa utstyr betyr for eit godt sluttresultat.
 
Eg har stort utval i stenger, sneller og ikkje minst taumar av topp kvalitet.
 
Eg har forenkling som mål også for fiskeutstyret eg sel.
 
Du treng ikkje tusen variantar for å lukkast, du treng utstyr som passer for deg og fungerer under fiske.
 
All erfaring viser at forenkling er løysinga.
I ein av fjellvit-reglane heiter det:
 
"Lytt til erfarne fjellfolk".
Slik er det også i fiskesamanheng.
 
For tida bruker eg mest dette utstyret i opplæringa:
 
Ein-hands: (Ørret)
 
Stong: Løvstad 9' "58". (Spesiallaga til meg).
 
Taum: Cortland 444 AFTM 8.
 
To-hands: (Laks)
 
Stong: Eikre-fly, Snowbee og Partridge DH Spey 
 
Snelle: Daniellson og Partridge Large Arbor mod. 1112.
 
Taum for spey-kast: Snowbee XS Shooting Head F.
 
 
 
Eigen kastedam i Guddalen !
 
Eg har eigen kastedam på garden min i Guddalen.
Dammen er ca. 30 m lang og ca. 8 m brei.
Her starter all kasteopplæring.
Dammen ligg slik til at du kan gjennomføre kastekurs i dei sko og klær du går med når du kjem.
 
Ein god del av tilreisande kundar kjem hit for å finne rett taum til stonga si. Når taum og stong ikkje passer saman, vert det problematisk å kaste.
 
På kastedammen finn vi lett den rette taumen. Eg har stor erfaring og mange taumar å velge mellom. Til no har alle kundane reist heim med taum som dei veit passer.
 
Det er viktig for meg at du kjenner deg trygg på at utstyret fungerer som det skal.
 
Alle som kjøper nytt flugeutstyr hos meg, får prøve det på kastedammen før dei bestemmer seg for å handle.
På denne måten er du som kunde trygg på at utstyret virker som det skal.
 
 
 
 
 
 
 
 
Fin
strekk
taumen
i dette
opp-
lærings-
kastet !
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
ETTER OMLAG 2 TIMAR PÅ KASTEKURSET KAN DU PRØVE DEG SOM AKTIV FLUGEFISKAR! 
 
Målet med opplæring mi er å få deg tidleg i elva for å fiske. Det er då du lærer aktivt fiske.
Det er flugefiskarar eg utdanner.
 
Guddalen har ord på seg for å vere både vakker og fiskerik.
Sjå kva tilreisande skriv.
 
Mengder av fisk som bit, er eit godt utgongspunkt for opplæring. For meg er det viktig at du får fisk på kroken tidleg. Av den grunn satser eg på ørretfiske i opplæringssamanheng. Det er ikkje størrelsen som tel, men at du får mengdetrening før du prøver deg på stor fisk.
 
Så langt har alle deltakarane på mine fiskekurs fått ørret på land.
 
Den opplevinga unner eg alle.
 
 
 
Akkurat når fisken tek, opplever eg
som det største ved flugefiske.
 
Denne opplevinga
kan ikkje forklarast,
du må berre
oppleve det !!!!!
"Sitert frå Dame Kiri Te Kanawa på NRK i juni 2009".
 
 
 
Eg kan hjelpe deg med å få dei gode
fiskeopplevingane !!!
 
Bestill opplæring når det passer deg !
 
Eg legg vekt på å vere kundeorientert.
Av den grunn har eg valt å tilby opplæring 
og fiske når det passer deg.
 
Både kaste- og fiskekurs passer godt på kveldstid.
Særleg liker eg sjølv å fiske når kvelden fell på.
 
 
 
Så enkelt er det: 
Du kan ringe meg om morgonen,
dersom eg har tid, tek eg kurset same
ettermiddag eller kveld.
 
 
Kor lang tid tek kursa ?
 
 
-Grunnleggande kastekurs - Ca. 2 t.
 
-Grunnleggande flugebindarkurs - Ca. 2 t.
 
-Grunnleggande fiskekurs på ørret - Ca. 2 t.
 
Kva koster kursa ?
 
Prisar gjeldande frå 01.01.2013
 
Grunnleggande kurs - ca. 2 t.
 
1 pers. - Kr. 1000,-
2 pers. - Kr. 1500,-
3 pers. - Kr. 2250,-
4 pers. - Kr. 3000,-
5 pers. - Kr. 3500,-
Gruppe på 6 - 10 pers. - Kr. 4950,-
 
For større grupper, be om pris.
 
Medlemmer av NJFF får rabatt på 20 %.
Alle som tek fleire kurs, får ekstra gode tilbod på kurs nr. 2 og 3.
 
Les meir om kvart kurs.
Der finn du nyttige detaljopplysningar.
 
 
- Firmatilbod finn du her.
 
- Forbetre kasteteknikken ? finn du her.
 
- Kastekurs med flugestong finn du her.
 
- Kurs i praktisk flugefiske finn du her.
 
- Demo - oppvisning finn du her.
 
 
 
Bjarne Huseklepp - Mob. 47606240
 
 
Har du spørsmål om kurs, kan du også kontakte meg på e-post
ved å skrive meldinga i ruta som heiter: Kommentarer.
Fornavn:
Etternavn:
Email:
Telefon:
Adresse 1:
Postkode:
Kommentarer:
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Bjarne Huseklepp, 6966 Guddal
Mob. 47606240