Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheimsluken - Vaula lakse- og ørretfluer-Bjarne sin Røykelaks
Mobil: +4747606240 - Epost: bjhusekl@online.no
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -

Sist oppdatert 10.01.2021
 
 
Bestilling 2021
 
 
 

Smaken av Kvalitet


 "The Real Taste Of Quality"
 
 
 
 
Slik bestiller du
 Bjarne sin Røykelaks
til store dager, bryllaup, konfirmasjonar og jula 2021
 

 
1. Ring meg på 47606240 etter
    kl. 16.00 
 
2. Eller send ein e-post til 
    med desse opplysningar:

    Namn:
    Leveringsadresse:
    Ditt mobilnummer:
    Antal kg:

 
Bestillingane berre auker:
 
Eg opplever ein eventyrleg auke i salet av Bjarne Sin Røykelaks. Fleire potensielle kundar fekk ikkje laks til jul i 2020 fordi dei var for seint ute med bestillinga.

Bjarne Sin Røykelaks har den runde og milde smaken som mange forbind med god røykelaks. 

Her finn du ingen kunstige tilsetjingar.

Smaken bygger på 100-årige, lokale røyketradisjonar der salt, litt sukker og røyk av tørka or og eine alltid gjev ei god smaksoppleving.

I tillegg vert det brukt mykje tid og omtanke for at røykelaksen skal vert det kvalitets- produktet eg liker å lage.
 
Røykelaksen har ein møyr- og god konsistens med rund og velbalansert ettersmak.
 
Film-snutt om produksjonen: Her 
 
Minste bestilling er 1 side - ca. 2 kg.
 
 
 
Gjeldande prisar:
 
Minstebestilling er 1 side ca. 2,0 kg.
 
 
Kr. 429,- pr. kg. for beinfri, vakumpakka røykelaks av Superior oppdrettslaks.
 
 
Kr. 629,- pr. kg. for garantert villaks,
beinfri og vakumpakka.
(Først til mølla i 2021).
 
 
 
Prisar for å røyke laks for andre:
 
Kr. 400,- pr. stk. heil, sløygd og rein laks.
 
Kr. 550,- pr. stk. ikkje sløygd, fersk/frosen laks

Kr. 100,- pr. side ferdig filetert.
 
Kr. 50,- pr. side ferdig filetert og salta av kunde
 
Kr. 15,- pr. vakumeringspakning
 
 
Fryselagring av laks for kunde:
 
Kr. 75,- pr. laks fryselagra over 2 mnd.
 
 
Levering:
 
- Sending pr. post inntil 10 kg kr. 190.-
 
- Utkøyring/levering i nærområdet:
  Leirvik, Dale og Førde kr. 95,-
 
 
 
 
Spesialkniv til oppskjering av røykelaks:
 
 
Eg har inngått avtale med Helle Knivfabrikk A/S om levering av kniven, Helle Steinbit, med heilt spesiell sliping av eggen.  
Dette gjere kniven skarp og godt eigna i samband med oppskjering av røykelaksen.
Eg kan og nemne at dette er kniven eg tek med meg på tur. Der dekkjer denne kniven behovet mitt ved oppskjering av brød, pølser og sløying av fisk.
 
 
Kr. 749,-
 
Kniven vert levert med praktisk og stilrein slire.
 
 

 
 
Skulle du trenge meir informasjon, ring meg på: 
 
Mob. 47606240.