Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheim-sluken
Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheimsluken - Vaula lakse- og ørretfluer-Bjarne sin Røykelaks
Adr. Nordsidevegen 800
                                         6966 Guddal
Mobil: +4747606240 - Epost: [email protected]
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -

Oppdatert: 11.06.2018



Bergheim-sluken
 
Fiskeevne og kvalitet frå Sunnfjord 
 
 
 
 
 
Det er ei stor glede for meg å kunne tilby Bergheim-sluken for sal.
 
 
 
Historia om Bergheimsluken:
 
 
Sluken vart utvikla av Anders Bergheim i 1936. Han var sykkelreparatør og budde på Steia i Dale i Fjaler.
Han utvikla sluken i nært samarbeid med laksen i Flekke-/Guddalsvassdraget . 
Bergheim-sluken vart seld over heile landet fram til 1965. Frå 1982 produserte sonen, Alf Bergheim, sluken til han døde i 1987.
 
Eg hadde gleda av å fiske laks saman med Alf m.a. i Eidselva i Nordfjord fram til 1986.
 
I 1987 tok eg over produksjonen av Bergheim-sluken. Dette gjorde eg av to grunnar.
 
1. Bergheim-sluken fisker godt.
2. Det handler om å ta vare på lokal kulturhistorie
    knytta til sportsfiske.
 
 
Kvalitetsprodukt:
 
Bergheim-sluken vert levert med kvalitetsringar og krokar. Splittringane er produserte hos Søvik. Eg bruker Mustad krok 3567 B så lenge den er å skaffe. Deretter vi Mustad sin nye og sterke krok, 7794 DS, overta. Denne kroken har Dura steel-belegg som motvirker rustdanning. 

Opphavleg vart Bergheimsluken levert med 3 krokar. På grunn av restriksjonar i enkelte vassdrag, leverer eg sluken med ein sterk kvalitetskrok i enden av sluken. 
 
Det var på denne kroken Kiri Te Kanawa tok sin rekordlaks på 8 kg i Harefossen 1. juni 2009.
 
 
 
Her får du kjøpt Bergheim-sluken:
 
 
- Bjarne Huseklepp

 
 
 
Bergheim-sluken finst i fleire
farge-variantar.
 
 
 
1. Blank på begge sider som under:
 
 
 
 
2. Kopar på begge sider som under:
 
 
 
 
 
3. Kopar utside og blank innside som vist under:
 
 
 
 
Koparvarianten er ein heilt spesiell sluk. Let du han ligge ute i hagen i 2-4 døgn, vert han mørkare og flekkete. 

Dei lakka slukane er laga slik at dei skal misse litt farge og sjå "bruksprega" ut.
 
Den "bruksprega" utsjånaden for det menneskeleg auge, ser ut for å trigge laksen til hogg.

Dersom du vil ha Bergheimsluken i skinande kopar att, pusser du han berre med litt stålull.
 
 
 
Bergheim-sluken finst i 3 lengder og 8 ulike vekter.
 
Rekordlaksen på 26 kg vart teken i Gloppenelva.
 
 
Kopar: Stor kastesluk i vektene 34- og 41 gr.
          (Lengde 8,5 cm).
          Pris. Veil. kr. 122,-
 
Blank:  Stor kastesluk i vektene 22-, 29-, 34- og 41 gr.
          (Lengde 8,5 cm).
          Sluken i 22 gr. er dorgesluken.
          Pris. Veil. kr. 122,-    
 
Kopar/blank:  Stor kastesluk i vektene 34- og 41 gr.
          (Lengde 8,5 cm).
          Pris. Veil. kr. 122,-
                      
                                         
Blank:  Medium i vektene 15- og 24 gr.
          (Lengde 6,5 cm).
          Storlaksen i Gloppen på over 26 kg tok på sluken i 15 gr.
          Sluken i 24 gr. passer i spesielt godt i djupare kulpar.
          Pris 15 gr. Veil. kr. 84,-
          Pris 24 gr. Veil. kr. 122,-
 
Blank:  Liten i vektene 11- og 14 gr.
          (Lengde 6,0 cm).
          Rekorden er ørret på 8,1 kg teken på Byrkjelo.
          Pris 11 gr. Veil. kr. 70,-
          Pris 14 gr. Veil. kr. 82,-
 
 
Slik bruker du Bergheim-sluken.


Bergheim-sluken har av ein eller annan grunn hatt ei eiga evne til å kroke stor fisk. Det er aldri godt å vite kva som er den grunnen til dette. Truleg er det fleire årsaker.
Forma på Bergheim-sluken gjere at han beveger seg på ein heilt spesiell måte. Korleis han vert brukt, speler etter mi erfaring ei stor rolle. Bergheim-sluken fisker best når han vert sveiva inn med litt sakte og varierande fart. 
Bergheimsluken si form gjere at rykking under innsveivinga medfører store utslag på sluken.
 
Fiskeplassen avgjere korleis han skal brukast. Eg skal beskrive dei 3 mest vanlege måtane å bruke han på.
 
1.I rolege kulpar. 
Eg kaster litt forbi der fisken står.
Let sluken sekke lite grann og sveiver deretter roleg. Gjerne med variasjon i innsveivingsfarten.
 
2.Oppstrøms i elv. 
Bergheim-sluken fungerer svært godt med oppstrøms fiske. Dette er favorittkastet mitt. Det var på denne kasttypen Monsterlaksen i Reisa tok sluken. Mitt beste råd er å stå nederst i hølen og kaste oppover elva. Eg sveiver roleg og let sluken bevege seg med straumen nedover.  Han vil då passere alle fiskane som står der. Dei vil sjå sluken komme nedover fordi dei står med hovudet vendt oppover elva.
 
3. Nedstrøms i elv. 
Eg starter øverst i hølen. Dette kastet let seg fint gjennomføre som bevegeleg fiske. Eg kaster rett over elva eller litt nedover dersom straumen er roleg. Let straumen dra sluken slik at eg kjenner slukbevegelsane i fingerspissen som eg held lina med. På strekningar med fin elevebotn kan sluken følge og "danse" på botnen nedover.
 
 
Bergheimsluken med 3 krokar.
 
Den opphavlege Bergheimsluken hadde 2 sidedreggar. Det var for å sikre ekstra god kroking. Laksen tek vanleg vis sluken på tvers. Har du lov å bruke fleire krokar, bør sidekrokane vere str. 6 eller mindre for å hindre at krokane hekter i kvarandre.
 
 
 
Storfisk som tok Bergheim-sluken:
 
 
På biletet under ser du innlandsørreten på 8,1 kg som Alf Bergheim tok på Byrkjelo på 50-talet.
 
 
 
 
 
 
 
Laksen på biletet under er 22 kg og vart teken i Eidselva 01.06.2002 av Jofred Eimhjellen.
 
Laksen kan du sjå på Gloppen Hotell.
 
 
 
 
Laks på 26 kg var teken i Gloppen-elva på slutten av 1940- talet.
 
 
 
Monsterlaksen i Reisaelva - ??? kg ???
 
 
Alle bileta under er tekne av Håkon Huseklepp.
 
 
 
Håkon og eg hadde hatt nokre fine dagar i Reisa i juli 2010.
Siste dagen snudde veret til regn, skodde, lågare temperatur med sterke vindkast.
Dette var ikkje gode forhold for lange kast med fluge, og vi vurderte å starte pakkinga av utstyr, men ombestemte oss.
 
Det er alltid den som fisker, som kan få fisk.
 
Bitet hadde ikkje vore det store siste dagen heller.
Av den grunn bestemte eg meg for å bruke eit kjent knep i slike situasjonar. Eg skulle servere noko som laksen ikkje hadde sett. Eg valde den blanke varianten av Bergheim-sluken.
 
Håkon tipsa meg om eit område i hølen der lokalkjende hadde sagt at dei "store guttan" brukte å samle seg. I avisa hadde vi lese om laks på 30,2 kg som var fanga lenger opp i elva.
 
Eg kasta Bergheim-sluken oppstrøms og sveiva sakte nedover slik eg bruker å gjere.
 
Eg vart skuffa med det same.
Sluken hadde sett seg fast og eg rykte hardt til to gonger utan at han losna.
Vel, vel - det var berre å surre lina nokre gonger rundt høgre armen og slite. 2 andre fiskarar sat på stranda og såg på eit skikkeleg botnenapp.
 
Eg ante lite om kva som kom til å skje då eg drog til og skulle slite den sterke lina.
Ute i hølen starta det opp noko som likna på ein saktegånade traktor med retning oppover.
Før eg i det heile forstod kva som var på gong, bar det plutseleg nedover hølen med hylande snelle og ein tidlegare maratonløpar som fekk bruk for eit godt løpssteg.
Eg sette kraftig press på laksen og var sikker på at han var godt kroka.
 
Attebæra er ein god landingsplass.
 
Eg merka snart at her var det ville krefter og let laksen rase nedover i håp om at han skulle stanse. Etter eit utras på ca. 200 m gjekk laksen til ro i attebæra som er vist på biletet under. Her forsto eg at han som var der ute i straumvirvlane, ikkje kom til å gje seg utan ein lang og hard kamp.
Laksen sat som klistra til botnen. Eg innsåg at her var det viktigaste å ta tida til hjelp.
Eg stolte på utstyret mitt, det var dimensjonert for svært stor fisk. Her var det berre å presse jamt og hardt til han kom opp.
 
Eg har fiska fleire hundre laksar.
Denne gjorde som han ville, ein følelse av maktesløyse og spenning spreidde seg i heile kroppen min.
 
Stor laks har ofte 3 karakeristiske måtar å reagere på:
Dei viser seg ikkje oppe i vassflata, men stoler på vekta ved å stå i ro nær botnen, sige sakte med straumen eller skyte fart i korte periodar.
 
 
Eg ser nedover Reisaelva for å legge strategi for landing, men er overbevist om at attebæra er den beste plassen på fleire hundre meters avstand.
Ein av medfiskarane hjelper til og henter ein stor håv. Dette skal gå greit som alltid tidlegare, tenkte eg. Vi er heilt klar til å planlegge hardt press og landing.
 
Men etter ca. 10 minutter virker det som om laksen er av ei heilt anna oppfatning. Han glir sakte, men bestemt ut i straumen og det ber nedover til enden av elvefyllinga oppe til høgre i biletet over. Det kjennest som om det er botnen i elva som flytter seg nedover.
 
 
Attebæra ligg no bak meg oppe til høgre i beilet over, eg er usikker på korleis dette vil gå. Lenger nede må laksen landast i straumen nær land.
 
Laksen forset nedover og over på eit stillare parti på motsett side av straumen. Fleire gonger virker det som om han let seg presse oppover.
Men han sig bakover att, og eg auker presset.
Då kjem han over på mi side av straumen, og står heilt fast eit stykke ut frå land. Då roper ein av dei lokalkjende:
 
"Sjå opp for steinan !"
 
Med fullt press på stonga spring eg opp på elvaforbygginga for å presse meir ovanfrå. Det lukkast, men så sig han sakte ut i straumen att og det ber vidare nedover.
Eg spring oppe på kanten og prøver å hindre at lina set seg fast i skog som veks der. Eg held stonga høgt og må prøve å komme meg gjennom krattet og ned til elva att.
 
Etter ei rask forflytting på glatte steinar nede i elvefyllinga, tek eg innpå laksen. Eg sveiver inn all den line eg er god for. På same tid leiter føtene etter godt feste på dei lause og glatte steinane. Eg når att fiskekomisen med håven og vi står rett over laksen som ligg roleg ute i straumen.
Då forsto eg at dette ville verte krevjande. Eg pressa det eg vågde, men laksen låg som bolta til botnen.
 
 
På veg mot solnedgongen.
 
Det er vakkert i Reisa.
 
Elva vert striare i enden av den første forbygninga.
Vi er på veg mot neste forbygning som er rundt 100 m lang. I enden av denne deler elva seg, straumen vert endå hardare og eg kan ikkje følge lenger utan å
hoppe i elva.
 
Eg har ein siste sjanse. Bruke rå makt, skru til bremsa og presse laksen oppover.
 
Laksen valde same strategi og vi sette begge hardt mot hardt. I løpet av nokre sekundar tok Monsterlaksen eit kontant farvel.
 
Han hadde krefter å ta av sjølv etter 55 min. med jamt og hardt press.
 
Kl. 21.50 skar han ut i stri-straumen og forsvant med Bergheim-sluken så nær inn i solnedgongen det går an å komme på biletet under.
 
Det vart stilt i snella, ei lang og slakk line hang ned frå stongspissen - det heile var brått over.
 
Eg fekk ein forståelsesfull klem av han som stod nærmast.
 
For første gong i mitt liv har eg slite ein laks !!!
 
Av ein eller anna grunn var eg ikkje skuffa over at det enda slik.
Hadde på ein måte innsett dette som ein mogeleg utgong på vegen nedover langs elva.
 
Men tankane mine gjekk med ein gong til "Monsterlaksen" der ute, i undring over kor stor han egentleg var ?
 
Er det i det heile mogeleg å få ein slik fisk på land slik forholda var ?  
 
Då laksen var borte og taumen var spola inn på snella, løfte eg caps-en, bukka og helste mot elva.
 
Dette var min tøffast kamp med laks.
 
Du vart for stor for meg, Monsterlaksen !
 
Sjølv om utstyret var nytt og dimensjonert for nesten 30 kg, vart det for puslete mot deg der ute. 
 
Når du no kan gå der ute i straumen, håper eg at du tek oppgåva di på alvor. Du kan verte far til mange "Monsterbarn" når gytinga tek til oktober.
 
Villaksen treng deg.
 
Kven veit !
 
Kanskje møter du også ein som er sterkare enn deg der ute på gytegrunnane , du kan også møte din overmann i "Storlaksen sitt rike" - Reisa-elva!!!
 
Takk for kampen og opplevinga !
 
 "MONSTERLAKSEN" - du vert aldri gløymd !
 
 
 
Med sola i ryggen går alle som var vitne til hendinga, roleg oppover mot bålplassen. Til venstre for oss renn Reisa-elva stille mot sjøen som om dette  aldri  har hendt !
 
 
 
                            
Tlf.: 47606240