top of page

For tida tilbyr eg 3 typer kurs i flugebinding !

1) Grunnleggande kurs i binding av nymfer og

våtfluger for ørretfiske.


2) Grunnleggande kurs i binding av laksefluger.


3) Grunnleggande kurs i binding av ørret-

og laksefluger.

Kursa i flugebinding passer godt for personar

frå 10 år og oppover.

Omtale av kurs 1.

På dette kurset lærer du generell teori om insektslivet i vatn og kva betydning dette har for flugefiske.


Du lærer å binde nymfer og våtfluger for ørretfiske.


Du får alle flugene du lager.


Dersom du skal delta

fiskekurset seinare, bruker du dine eigne fluger.

Eg har mange døme på at desse flugene fungerer og gjev fangst .

Omtale av kurs 2.

På dette kurset lærer du å binde laksefluger.


Du får alle flugene du lager. Dersom du skal delta på laksefiskekurs seinare, bruker du dine eigne, sjølvlaga fluger der.

Omtale av kurs 3.

På dette kurset lærer du å lage både ørret- og laksefluger.

Kor lang tid tek kurset ?


- Grunnleggande flugebindarkurs (Kurs 1 eller 2) - 3 t.

- Ørret- og lakseflugekurset varer ( Kurs 3) - 5 t.


Kva koster kursa ?


Prisar gjeldande frå 01.01.2011 for kurs 1 og 2.


1 pers. - Kr 1000,-


(Felles/samla påmelding)

1 pers. - Kr. 1000,-

2 pers. - Kr. 1500,-

3 pers. - Kr. 2250,-

4 pers. - Kr. 3000,-

5 pers. - Kr. 3500,-

Gruppe: 6 - 10 pers. Kr. 4950,-


Prisar for kurs 3.


1 pers. - Kr. 1500,-


(Felles/samla påmelding)

1 pers. - Kr. 1500,-

2 pers. - Kr. 2250,-

3 pers. - Kr. 3250,-

4 pers. - Kr. 4250,-


For større grupper, be om pris.


Kva dekker kursavgifta på flugebindarkursa ?


- Instruktørhonorar.


- Leige av topp flugebindar-verkty.


- Kroker og flugebindarmateriell som går med.


- Du beheld sjølv alle flugene du lager.

Bjarne Huseklepp - Mob. 47606240

Her finn du meg:

bottom of page