Flugefiske er mykje lettare enn det ser ut til.
Effektive kurs i flugefiske !
Etter 2 timar med kastetrening er du klar for aktivt ørret- og laksefiske
med fluge.
For meir info - klikk her !
Oppdatert 21.02.2012
Ny versjon av
Laksefluga Vaula-Harefoss
Denne versjonen av Vaula-Harefoss har orange fluoriserande butt som skal vekke laksen si oppmerksomheit og auke lysta til å bite.
Oppdatert: 09.01.2012
God jul og godt nyttår
til deg og dine !!!
Beste helsing Bjarne
Sterk motivasjon å motta støtte frå Innovasjon Norge.
Det er svært motiverande å verte funnen god nok til støtte på kr. 339.000 frå Innovasjon Norge
Eg har sjølv satsa rundt 1,5 millionar kroner i bygg og anlegg for lokal matproduksjon, opplæring og fisketurisme m.m..
Oppdatert:21.12.2011
Det går godt for tida !
Heile produksjonen min av røykelaks er no utseld. 6 kundar har alt lagt inn bestilling for jula 2012.
5 kurs i flugefiske i 2012 er alt i boks.
Oppdatert: 17.12.2011
Bestill Bjarne sin Røykelaks til jul, no !!!
Gåve til gode venner
som har alt, eller til eige festbord ?
Les meir om laksen og produksjonen her
Slik bestiller du Bjarne sin Røykelaks her
Oppdatert: 30.09.2011
Kastedam og gapahuk med sitjeplass til 18 personar
Opplæringsanlegget mitt er i desse dager utvida med gapahuk med sitjeplass til 18 personar.
Med tavle på vestveggen kan eg no gjere ein betre jobb som instruktør, guide eller når du skal prøve eller kjøpe nytt fiskeutstyr.
Hausten er ei fin tid for flugefiskekurs.
Ørreten går på elva i desse dager og er bitevillig.
Oppdatert 23.08.2011
Har du lyst å lære:
- Tradisjonell flugekasting
- Spey-kast ?
Oppdatert 07.08.2011
Eg venter på laksen i Stjørdalselva !
Vaula-Nymfa
Bruk Vaula-Nymfa når du ser lite vak !
Oppdatert: 11.06.2011
2 laksar 1. juni
på Vaula-Harefoss
Vaula-Harefoss er ei kvalitetsfluge med god fiskeevne. Fluga på biletet over er 7 år gammal og fanga sin 20. laks 1. juni 2011.
Oppdatert: 05.06.2011
1. juni starter
laksefisket i Flekkeelva.
Foto: T.W.S - Jakt og fiske.
Denne laksen fekk det han ville ha !
Vaula laksefluger - meir info her.
Bergheimsluken - meir info her.
Oppdatert: 22.05.2011
Sesongstart
Gratis kastekurs for ungdom 14- 25 år.
Tidspunkt: 22. mai kl. 10.30-12.30.
Stad: Kastedammen på Huseklepp
Dette tilbodet gjeld dei 10 første som
melder seg på til meg på:
Ta med deg høvelege uteklær.
Eg held alt anna nødvendig kasteutstyr.
Etter kurset vert det gratis lunsj
for deltakarane på:
Oppdatert 23.april 2011
Vaula-Laksefluger
Eg har no lagt ut bilete av mine mest etterspurde laksefluger.
Alle er utvikla og handbundne av meg sjølv.
Dette er kvalitesfluger med god
fiskeevne i dei rette hender.
Oppdatert 30.03.2011
Det skal lønne seg å vere medlem i NJFF og satsing på ungdommen.
Eg gjev 15 % rabatt på mine kurs i flugekasting og ørretfiske til medlemmer i NJFF.
Du får 20 % rabatt dersom du i tillegg tek med ein ungdom mellom 14 og 20 år. Den unge, håpefulle får då kurset heilt gratis.
Oppdatert 27.03.2011
Bergheim-sluken !
Klar for storlaksen.
Oppdatert: 18.02.2011
Vaula-Harefoss
Mi mest etterspurde laksefluge
På biletet over ser du Vaula-Harefoss Orginal.
Svart kropp, sølv ribbe og orange kroppshackle.
Dette er den fluga eg har fiska mest storlaks på.
Mitt førsteval i elvar med whisky-farga vatn.
D.v.s. elvar som kjem frå husmusrike område eller i elvar som held på å klårne etter flaum.
Oppdatert 09.02.2011
På biletet over ser du Vaula-Harefoss med kropp
i svart og med blått kroppshackle.
Dette er mitt førsteval på klår elv med mørk botn.
Oppdatert 08.02.2011
På biletet over ser du Vaula-Harefoss med kropp
i sølv og med grønt kroppskackle.
Dette er mitt førsteval på klår elv med lys sandbotn.
Oppdatert 05.02.2011
No kan du bestille
Vaula-våtfluge
som "lever" i vatn !
Oppdatert 24.01.2011.
God jul og
godt nytt år til alle !
No går det mot lysare tider !
21. desember kl. 23.38 snur sola.
Med dette biletet frå Alta i august 2010 vil eg ynskje alle ei god jul og vende blikket mot lyset og det nye året som kjem.
Eg vil takke alle som gjorde 2010 til eit godt år for meg.
Doke som inviterte meg på besøk enten som foredragshaldar, sportsfiskar eller jeger. Alle doke eg har møtt på ulike møte og arrangement.
Eg vil takke alle doke som besøkte meg i Guddalen enten på fiske, på fiskekurs eller i sportsbutikken.
Og ikkje minst på slutten av året, de som har gleda meg stort ved å setje pris på røykelaksen min. Ny tur til London med røykelaks i desember var ei stor oppleving.
Eg vil også takke alle doke som legg ned ein imponerande innsats for at barn og unge skal få oppleve gleda ved jakt og fiske.
Til slutt vil eg takke familien min
som let meg drive på med det eg brenn for !
___________________
Skulle nokon ha tid til overs i jula, kan opplevinga mi med Monsterlaksen i Reisa elva i juli 2010 vere ei lita påminning om kva det nye året kan by på av opplevingar dersom vi er på rett stad til rett tid.
Forteljinga ligg på slutten av artikkelen om Bergheim-sluken. Klikk her !
Oppdatert 03.01.2010
Julegåve-tips 2010
Helle Steinbit levert med spesialslipt og svært skarp egg.
Suveren til skjering av røykelaks og kjøtpålegg.
Min favorittkniv og
følgesvenn på turar som fiske- og brødkniv.
Levert i solid og fin lærslire.
Kr. 540,-
Gåvekort på fiskeutstyr, kurs i kasting med flugestong og aktivt flugefiske m.m.
Sjå menyen til venstre !
Oppdatert 13.12.2010
No kan du bestille
Bjarne sin Røykelaks !
Den er etterspurd også som gåve.
eller 47606240 etter kl. 16.00 for å gjere avtale.
Info om bestilling - prisar og levering finn du her.
Vil du lese meir om produksjonen, klikker du her.
Oppdatert 31.10.2010
Bjarne sin Røykelaks !
Slik ser fersk kvalitetslaks ut !
Oppdatert 14.08.2010.
Alta-laksen likte
Vaula-Skrekk og gru !
Det vart 6 laksar på oss og ny rekord på Vaula-Skrekk og gru.
Den nye rekorden er 14,1 kg.
Oppdatert 11.08.2010
Eg har starta arbeidet med å legge inn bilete av flugene eg har utvikla og bind for sal.
Til vinteren skal eg også skrive ein del fagstoff som kjem brukarane av heimesida mi til nytte.
Ei Vaula-fluge er utvikla og handbunda av
Bjarne Huseklepp !
Du vil finne meir om flugene i menyen til venstre.
Oppdatert 24.07.2010.
"Monsterlaks" tok Bergheim-sluken
i Reisa-elva 14.07.2010 kl. 20.55.
Eg har skrive om denne hendinga. Den ligg nederst på sida om Bergheim-sluken til venstre.
Eg ynskjer 2 nye forhandlarar av Bergheim-sluken velkomne. Andresens Vaabenforretning AS i Tromsø og Gammen Sport og Leker på Storslett.
Vil du lese meir om Bergheimsluken ? Klikk
her.
Oppdater 22.07.2010
Når flugestong og taum passer saman, har du beste utgongspunktet for å kaste godt med flugestong !
Forbetre kasteteknikken ? Les meir
her.
Sist oppdater 05.07.2010.
Mitt beste tips til deg som vil lære flugefiske !!!
Start med ørretfiske i vakre og fiskerike Guddalen !!! Her får du fisk og
mykje god mengdetrening, før du eventuelt prøver deg som laksefiskar.
Oppdatert: 03.07.2010
Fiskelukke er kunnskap !
Oppdatert 11.006.2010
Laksesesongen er starta.
Etter 1 t.50 min. - 1. juni kom første tilslaget mitt !
Vill hannlaks - 91 cm - 8 kg.
Teken på Vaula-Harefoss 1"
Denne laksen - Beste råstoff for god røykelaks .
Sist oppdatert: 09.06.2010
No er den nye kastedammen er klar !
Slik ser den nye kastedammen ut.
Her er plass til
6 personar på same tid.
Det betyr at eg no
kan ta imot større
grupper og gje ei rask og effektiv opplæring.
Kastedammen vert
også brukt av dei som slit med kasteteknikken p.g.a. feil taum.
På dammen finn vi den rette taumen fordi du får prøve
ulike typer til du har funne den rette.
Oppdatert 26.05.2010
Velkommen til vakre og fiskerike Guddal
Ny NAF Camping på Yndestad Gard
Oppdatert 22.05.2010
Treng du kr. 50.000,- til din skule ?
Les meir om Den naturlege skulesekken her.
Ei fin tid for uteundervisning og friluftsliv no.
Tipsliste for uteaktivitetar finn du her.
Oppdatert 13.05.2010
Oppdatert 10.04.2010
Bergheimsluken
Mitt beste tips til deg som fisker med sluk !!!
Oppdatert: 26.04.2010
Gje konfirmanten,
dine venner som nesten har
alt, eller den du vi gje varige og gode naturopplevingar eit Gåvekort på:
- Praktisk flugefiskekurs
- Kurs i kasting med flugestong
Kurs i praktisk flugefiske: Klikk her. Kurs i kasting med flugestong: Klikk her.
Oppdatert: 10.04.2010
Så er dei 3 første kjøene/ørretane på land 04.04. 2010.
Dei beit på Meps 1-kopar med svarte prikkar.
Den til venstre vart
teken av ein kurs-
deltaker i september
2009 og vog
1,750 kg.
Oppdatert: 04.04.2010
God påske til alle!
Kastedammen er opna og utstyret heng klart !
Det er mykje enklare å fiske med fluge enn mange trur. Har du lyst å lære flugefiske på 1-2-3 ?
Vil du vite meir, klikk her eller på menyane til venstre.
Oppdatert 01.04.2010
Treng du nytt fiskeutstyr,
eller skal du oppgradere det du har ?
Ta kontakt ! For at du skal vere trygg på at utstyret passer deg, får du prøve fiskeutstyret på katsedammen min før du bestemmer deg.
Spesialiteten min er å levere fiskeutstyr som er kundetilpassa og fungerer som det skal !
Sist oppdatert 21.03.2010
Sist oppdatert 23.02.2010
Velkommen til vakre og fiskerike Guddal !
Sist oppdatert: 21.01.2010
Eg oppretter no mi eiga side om
uteundervisning og barne- og ungdomsarbeid med vekt på friluftsliv, jakt og fiske !
Når eg er ute og held foredrag om uteundervisning eller barne- og ungdomsarbeid, får eg ofte spørsmål om meir skriftleg og relevant informasjon. Dei same spørsmåla får eg i telefonsamtaler.
For å gjere det enklare for alle, har eg no oppretta mi eiga side der eg etter kvart vil legge ut dei mest etterspurde dokumenta. Du finn sida under Barne- og ungdomsarbeid oppe til venstre
Det går mot lysare tider no .....
Sist oppdatert 04.01.10
Kjære jakt- og fiskevenner !
Eg vil ynskje Dykk alle:
2009 har vore eit aktivt år.
Vi har flytta inn i nytt hus på heimegarden i Guddalen, nye lokale og grovkjøkken for produksjon av einerrøykt laks.
Fiskeskulen min fekk ein fin start, og til sommaren 2010 skal kastedammen utvidast med ei langbane og ei kortbane.
Min eigen fiskesesong var prega av lite vatn under laksefiske, men nydeleg ørretfiske på fjellet. Eg fekk også gleda av å fiske i Alta, Reisa og Gloppen i 2009.
Det er krevjande tider for villaksen no. Likevel er det svært gledeleg å sjå at det gjekk godt med villaksen i Flekke- og Guddalsvassdraget også i 2009.
Noko må ha vore gjort rett i dette vassdraget når ein ser utviklinga i nærliggjande laksevassdrag.
Eg trur tida er inne for å lære av det som har vore gjort i Flekke- og Guddalsvassdraget sidan 1990.
Det var ei stor- og spesiell oppleving då bror min og eg fekk vere lakseguidar for verdsstjerna Kiri Te Kanawa. Som dei fleste veit, fekk ho ein vakker villaks på 8 kg i Harefossen 1. juni. I slutten av november vart denne laksen levert nyrøykt til henne personleg i London.
Jordkjellaren der eg røyker laksen, er no vedlike- halden slik at eg kan røyke ca. 150 laksesider på same tid. Det gjere at eg kan levere meir god røykelaks i framtida.
På landsmøtet i NJFF i november fekk eg fornya tillit
som styremedlem og er no leiar i barne- og ungdomsutvalet. NJFF er i ei positiv utvikling, dette kjem oss alle til nytte. Vi har aldri hatt fleire barne- og ungdomsmedlemmer i NJFF enn no. Kvar 5 medlem høyrer til denne gruppa. Likevel viser statistikken at andelen ungdom mellom 16-24 år som fisker, har falle frå 73% i 1970 til 50% i 2005. Dette er utviklinga. Utfordringane som ligg i dette, gler eg meg til å ta tak i.
Biletet over viser eit nydeleg landskap med snø uten spor i. Eg håper at vi alle, kvar på vår måte kan nytte dei muligheitene som ligg i eit urørt landskap og setje våre spor i 2010 til glede for andre og framtidige generasjonar.
Eg ser fram til hyggelege stunder i 2010.
Til slutt vil eg nok ein gong ynskje alle:
God jul og godt nytt år !!!
Med beste helsing
Bjarne
Sist oppdatert: 22.12.09
Tips - julepresang til den som har det meste frå før !
Tradisjonane med julegåver er sterke. Men ofte er det vanskeleg å finne gåver som fell i smak hos den som har det meste frå før.
Då er eit gåvekort ei god løysing.
Det er enkelt å kjøpe, og den som får det, kan velge ei gåve dei har lyst på.
Eg leverer følgande:
Utstyr:
- Stort utval i fiskeutstyr for sluk- og flugefiske.
- Bergheimsluken. Sjå her. - Vaula-flugene. Sjå her. - Vadeutstyr
Opplæring:
- Kurs i flugekasting. Sjå her. - Kurs i flugebinding. Sjå her. - Kurs i flugefiske. Sjå her.
Sjå også meir om kursa til venstre på denne sida.
Opplæring i sportsfiske og passande fiskeutstyr
gjev fiskeglede.
Bjarne Huseklepp
Mob. 47606240
Sist oppdatert 24.11.09
Bjarne Huseklepp
Mob. 47606240
Sist oppdatert 21.11.09
Sentralstyreplass i NJFF 2009-2012.
På landsmøtet i NJFF i Bødø sist helg vart eg vald som fast styremedlem. Eg gler meg spesielt til å følge opp barne- og ungdomsarbeidet og alt arbeid som ender opp i god opplæring og auka, lokal aktivitet. Eg har alt takka ja til fleire besøk ute i organisasjonen. Dette arbeidet ser eg fram til.
Vil De vite meir om barne- og ungdomsarbeidet i NJFF, finn De rapporten: "Opplevinga er vår styrke" her.
Sist oppdatert 15.11.09
"Uteskule" og "Den naturlege skulesekken"
Eg har laga ei liste over aktuelle tema/aktivitetar for Dykk som vil ta barn og unge ut og drive "Uteskule". Du finn tipslista mi her.
Tipsa mine passer godt saman med heimesida til "Den naturlege skulesekken". Den finn Du her.
Lokallaga i Njff sit på stor lokal kompetanse om lokale forhold rundt fiske- og jaktaktivitetar som passer godt inn i måla til DNS.
Heimesida til NJFF finn De her.
Har De spørsmål eller behov for kurs/opplæring innan feltet "Uteskule"?
Ta kontakt ! På dette fagfeltet har eg brei kompetanse og lang erfaring.
Sist oppdatert: 19.09.2009
Rekord-
ørret på fiskekurs!
Denne ørreten på heile 1,750 kg. vart fiska på mitt fiskekurs fredag 18.sept.
I tillegg fekk dei sju deltakarane 79 andre
som var mindre.
Det er kjekt å arrangere kurs og kunne garantere fangst. Som praktisk fiskekurs var dette svært vellukka.
I tillegg var det ein nydeleg haustkveld
med låg sol som laga ei fin råme rundt det heile.
Hausten kan by på fine fiske-opplevingar.
No er tida inne for å bestille røyke- laksen til jul !
Du kan oppleve dette i Guddals-fjella no!
Lagt inn 23.08.09
Fiska 09.08.09
Delikat kjøtfarge !
Målet mitt er at du skal lukkast som sports- fiskar !
Denne sida passer som favoritt for deg som er fiskeinteressert !
Lær flugekasting på 1-2-3
NÅR DET PASSER DEG !
Vil du vite meir om kastekursa - klikk
her.
Bergheim-sluken med ny Mustad-krok !
Då Mustad sin kvalitetskrok, 3567 B, er ute av produksjon, har eg i lenger tid testa ulike nye kroktypar til Bergheim-sluken.
Valet fall på Mustad 7794DS. Det er ein ny og svært sterk krok med DuraSteel-belegg for auka slitestyrke og skarpare krokar. Kroken ser du på den blanke Bergheim-sluken. Sjå meir på
Mustad eller
Bergheim-sluken.
Lagt inn 01.06.09
Velkommen til Sunnfjord-
vakre og fiskerike
Flekke-/Guddalsvassdraget !
Dame Kiri Te Kanawa
gjorde det
godt, også under Hare- fossen i Flekke-/ Guddals
vassdraget i Sunnfjord.
Fiskesesongen 2009 starta godt for meg.
Første laksen var på land 18 min. etter opninga.
Han tok på ei Vaula-Harefoss d.kr. 4.
Seinare på opningsdagen beit laks nr. 2 på
same type Bergheimsluk som Kiri fekk sin laks på.
Treng du eller gode venner opplæring i kasting med flugestong,aktivt flugefiske, nytt fiskeutstyr som garantert funker, Bergheimslukar eller røykelaks til jul ?
- ta kontakt på mob. 47606240.
Ha ein fin fiskesommar !
Med beste helsing
Bjarne Huseklepp
Mob. 47606240