Hei !
Eg er fødd og oppvaksen på ein vestlandsgard i vakre og fiskerike Guddal i Sunnfjord.
Jakt, fiske og friluftsliv har alltid vore min store lidenskap.
Alta 2008
Fram til 1984 var eg på det norske maraton- landslaget.
I 1978 sette eg 2 norske rekordar. Dei står endå.
Sidan 1988 har eg hatt ein inspirerande jobb som rektor ved Guddal skule og barnehage.
Frå 1989 har eg vore styremedlem i Norges jeger- og fiskerforbund. Der ligg opplæring innan jakt, fiske og friluftsliv og utvikling av barne- og ungdomsarbeidet mitt hjarte nærmast.
Eg har vore fylkesinstruktør i jegerprøva i Sogn og Fjordane frå 1995 - 2009. Frå 2010 har eg vore regionsinstruktør i jegerprøva i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det betyr at eg har ansvaret for utdanning og oppfølging av lokale jegerprøveinstruktørar i desse fylka.
Frå 1989-2004 hadde eg gleda av å leie dei årvisse samlingane på Sunnfjord Hotel med jakt- og fisketema der grunneigarar, kommunar, lokale jakt- og fiskelag og fylkesmannen deltok. Skal vi utvikle jakt- og fiskeforvaltninga, må vi samarbeide.
Eg er også oppteken av bygdeutvikling og forvaltar-ansvaret vi som menneske har.
For meg er det viktig å målbere eit positivt syn på framtida.
Eg set stor pris på personar som gjere ein innsats for andre og brenn for det dei trur på. Det skjer alltid noko positivt rundt eldsjelene.
Eg reiser ein god del og held kurs i:
-Organisasjonsutvikling
-Sportsfiske
-Fiskekultivering
-Jegeropplæring
Eg får energi av nye utfordringar og når eg formidler kunnskap.
Eg trivst best med litt motvind i håret og når eg er i aktivitet.
Eg liker å danse.
Våren 2009 starta eg opp Huseklepp Fiskeskule og butikk på heimegarden i Guddalen. Eg har m.a. eigen kastedam for opplæring og testing av utstyr før du handler.
Bjarne Huseklepp
Mob. 47606240
Havfiske på Sørøya i 2008
var ei ny og spennande oppleving.
Du kan kontakte meg her !
Tusen takk for at du tok kontakt.
Meldinga di er send.
There was an error submitting the form.
Du finn meg 1,5 km frå Guddal skule mot Boga.
Sjå kartet under.