Velkommen til vakre og fiskerike Guddal !
Mobil: +47 47606240
Fasttelefon: 57735771
Slik finn du fram til Huseklepp !
Det er fleire vegar til Guddalen og Huseklepp - på den øverste finn du den kortaste !
Reisetid:
Bergen - Guddal ca. 2,5 t.
Førde - Guddal ca. 50 min.
Førde Bringeland(flyplass) - Guddal ca. 40 min.
Reiserute frå Førde Bringeland/Førde:
1. Køyr mot Bergen gjennom sentrum på Sande
og ta av til høgre etter politikontoret.
2. Køyr nedover langs elva mot Dale/Osen til du
ser skiltet Guddal 11.
3. Her tek du av til venstre og køyrer oppover
langs elva.Set på kilometerteljaren.
4. Etter ca. 2 km kjem du til eit kryss på flata -
ta av til venstre.
5. Etter ca. 11 km kjem du til krysset på Steinset -
ta av til venstre.
6. Etter ca. 13 km kjem du til krysset på Heggheim.
Du skal ikkje til Vadheim - ta til høgre over brua
og køyr framover dalen. Etter ca. 8 km frå Heggheim er du i krysset ved Guddal kyrkje/Guddal skule og ser skiltet Boge 2. Køyr nøyaktig 1,5 km mot Boge. Du kjem då til Ytre Huseklepp og ser tunet som vist på biletet under.
Reiserute frå Bergen, Lavik eller Leirvik i Sogn
Køyr til Nautsund, tek du vegen til venstre mot Dale og passerer brua. Etter ca. 1 km frå Nautsund ser du skiltet
Bjordal på høgre side. Her tek du til høgre og køyrer Nordsidevegen i 8 km eller 10 min.
Då ser du tunet på Ytre Huseklepp som vist under.
Kjem du frå Dale/Flekke, køyrer du gjennom Harefosstunellen. Etter kort tid ser du skiltet Bjordal på
venstre side. Køyr Nordsidevegen i 8 km eller 10 min.
Då ser du tunet på Ytre Huseklepp som
vist på biletet til under.
Reiserute via Vadheim !
Ca. 1 km frå Vadheim mot Lavik finn du skiltet - Guddal.
Køyr over fjellet. Når du er nede i Guddalen ved krysset på Heggheim, tek du til venstre over brua og køyrer ca. 8 km og kjem til krysset ved Guddal skule. Her ser du skiltet - Boge 2. Køyr nøyaktig 1,5 km mot Boge og du ser tunet på Ytre Huseklepp som vist under.
Under:
Butikk-, produksjons- og informasjons-lokala ligg i 1. etasje biletet.
Under:
På veggen til høgre heng monterte stenger ferdige til opplæring, sal og utleige.
Eigen kastedam for opplæring, tilpassing- og prøving av fiskeutstyr.