Bjarne Huseklepp Sport og Fritid - Huseklepp Fiskeskule-Bergheimsluken-Vaulaflugene-Røykelaks
 
 
 
Demo - oppvisning !
 
Målet er å motivere- og hjelpe til slik at fleire får lyst til å prøve seg som flugefiskar.
 
Målet  med oppvisninga er også å syne kor enkelt flugefiske kan vere når utstyret er rett samansett.
 
Dette tilbodet passer for enkeltpersonar, grupper og bedrifter som vil sjå ein profesjonell instruktør i aksjon.
 
Det passer godt for personar som vil oppleve flugefiske på nært hald.
 
Har du gjester på besøk, er denne oppvisninga eit godt, lokalt opplevingstilbod.
 
Skulle du vere i tvil om du vil delta på kurs innan flugefiske, kan deler av denne oppvisninga vere eit godt utgongspunkt før du bestemmer deg. 
 
 
Eg kan tilby demo - oppvisning i:
 
 
1. Kasting med flugestong.
2. Ørretfiske med flugestong.
3. Flugebinding.
4. Kobinasjon av 1-3 om det er ynskjeleg.
 
 
Oppvisning 1.
 
Oppvisninga føregår på kastedammen
min. Du  får innføring i grunn-leggande kaste- teknikk og oppleve overhands- og spey-kast. Du får også sjå teknikk som gjev lange kast på over 30 meter.
 
 
 
Oppvisning 2.
 
Du får oppleve korleis ørretfiske med fluge vert
gjennomført. Passer det, vil deltakarane få vere med å lande fisken.
 
Du får sjå og lære om oppførsel under flugefiske.   
Du får kort innføring i fiskeetikk. Eg garanterer ørret på land under normale forhold.
 
Oppvisning 3.
 
Du får sjå ein profesjonell flugebindar i  aksjon.
Du får sjå korleis ørret- og laksefluger vert bundne.
Flugene som vert laga under oppvisninga, vert trekte
ut og delte ut på dei frammøtte som eit godt minne.
 
Flugebinding og kasting med flugestong kan lett gjennomførast i ei økt om det er ynskjeleg. Ta kontakt, så kan det meste tilpassast dine ynskje.
 
Kor lang tid tek oppvisningane ?
 
- Kvar oppvisning tek ca. 1 t.
 
Kor mange kan delta på oppvisningane ?
 
- Maks. 15 personar.
 
Kva koster kvar oppvisning ?
 
Prisar gjeldande frå 01.01.2011
 
1 - 15 pers. - Kr. 1000,-
 
 
 
Bjarne Huseklepp - Mob. 47606240