Bjarne Huseklepp Fiskeskule - Bergheimsluken - Vaula lakse- og ørretfluer-Bjarne sin Røykelaks
 
 
 
Målet mitt er at du skal lukkast som sportsfiskar !
 
 
Har du problem med flugekaste-teknikken ? 
 
Det er 2 hovudgrunnar til dette:
 
1. Små feil i kasteteknikken.
 
Eg har mange døme på kundar som berre treng små justeringar i kasteteknikken for å auke fiskegleda.
Små feil i kasteteknikken kan ikkje fiskaren sjå sjølv.
Det er ein av grunnane til at det er vanskeleg å rette på feila åleine.
 
Den mest effektive løysinga er å late ein dyktig instruktør sjå på når du kaster. Han kan gje deg dei råda som må til for at du skal verte ein betre kastar.
For ein flugefiskar er kasteopplevinga ein viktig del av fisket. I tillegg er du tryggare på deg sjølv saman med andre fiskarar når du får kastinga til å fungere.
 
Problem med kasteteknikken reduserer også ofte
kastelangda. Det betyr at du ikkje når ut til fisken.
Eg har kompetanse til å sjå problem med kasteteknikken  og gje deg dei råda som gjere deg til ein betre kastar.
 
2. Feil taum til stonga.
 
Når stong og taum ikkje passer saman, vert det
vanskeleg å kaste godt. Den totale fiskeopplevinga vert redusert.
 
Etter fleire år i bransjen har eg god grunn til å hevde at alt for mange sportsfiskarar har kjøpt feil taum til stonga.
 
Ein av grunnane til dette er at det endå ikkje finst eit system som nøyaktig seier kva taum den enkelte stonga skal ha.
 
 
I tradisjonelle butikkar finst det i dag to hovud- metodar for å finne fram til flugestong og taum som passer saman.
 
1. AFTM-systemet hjelper litt, men er omtrentleg.
2. Oppgjeva vekt på taumen i gram, hjelper endå
    meir.
 
Men av lang erfaring veit eg at ingen av desse målesystema er så fullgode at dei kan gje deg garanti på rett kombinasjon av taum og stong.
 
Det viser seg også i praksis at både stenger og taumar i enkelte høve er oppgjevne med feil klassifisering.
 
Då finst det berre ei fullgod løysing på problemet.
Den bruker eg.
Stong og taum må rett og slett prøvast i ein aktiv kastesituasjon. Berre då kan du vere sikker på at du får det utstyret som passer deg best.
Til slutt handler kasteopplevinga også om den gode følelsen.
 
Eg har som mål at du skal få optimal nytte av eit besøk hos meg.
Eg har bygt eigen kastedam ved butikken slik at du får prøve ulike taumar heilt til du finn den som passer deg best.
 
Tilpassing av stong og taum er eit av spesialområda mine. Så langt har ingen kundar komme attende for å skifte taum.
 
Etter eit besøk hos meg skal du vere trygg på at du har gjort eit rett val av stong og taum.
Eg tek kr. 200,- for å finne rett taum til deg på kastedammen.
 
Dersom taumen har draconkjerne, kan eg også levere nye taumar med slitesterke, handsydde endeløkker til kr. 80,- pr. løkke.
Desse løkkene har lang levetid og forenkler byte av taum og fortaum.
 
 
 
 
Vaula-fiskefluger.
 
Fisken må ha noko å
bite på, også!
 
Har du prøvt mine eigne utvikla- og handlaga kvalitetsfluger ?
 
Les meir her
 
Bergheim-sluken.
 
Endeleg !
 
Sluken som er utvikla i Flekke-/ Guddalsvass-draget er no i  produksjon att.
 
Les meir her